
Bli med laget for å gje cruiseturistar den beste opplevinga i Måløy!
Bli Måløy-guide
Måløy Adventure er på jakt etter personar som kan stille som guide på cruisedagar i Måløy for sesongen 2023.
Er du over 18 år, utadvent og kan engelsk, tysk, fransk, spansk eller italiensk?
Vi ønsker å gje turistar som kjem til Måløy dei beste opplevingane og håpar at du vil vere med på dette!
Jobben som guide er oppdragsbasert og oppdraga er på dagar med cruiseanløp der Måløy Adventure skal tilby aktivitetar og utflukter. Dette gjeld stort sett alle dagar med cruiseanløp med unntak av dagar med få passasjerar.
Måløy Adventure skal vere hovudleverandør for aktivitetar og utflukter på dagar med cruiseskip frå MSC Cruises. Vi er difor særleg på jakt etter guidar som kan ha moglegheit til å stille på desse dagane. Dette gjeld følgande datoar: 19. mai, 1. juni, 10. juni, 13. juni, 29. juni, 26. juli, 29. august, 6. september, 12. september, 20. september.
Måløy Adventure tilbyr:

Kan dette vere noko for deg?
Ta kontakt med guideansvarleg eller fyll ut søknadsskjema ved å trykke på knappen under.
Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt!